Frå påmelding til resultatliste.
TindeByte lagar appar for idrettsarrangement, for klatring og frisbeegolf. Deltakarane fører resultata sjølv på mobilen, og lista oppdaterer seg medan konkurransen går.
Appane
Gratis å bruke, utan app-butikk: alt opnar i nettlesaren på telefonen. Kvar app har ei eiga side i app-oversikta, for deltakarar og for arrangørar.
Fleire idrettar kjem. Har du eit arrangement som treng ein app? Ta kontakt.
Sponsing
Appane er gratis for deltakarane. Sponsorar er med på å betale drift og vidare utvikling, og blir synlege for folk som trenar og konkurrerer.
- Logoen din på tindebyte.no
- Omtale på konkurransane appane blir brukte på
- Ein avtale som passar storleiken din
Om TindeByte
TindeByte er eit enkeltpersonføretak i Bergen, starta i 2025. Namnet er ein tind bygd av bytes, slik logoen er.
Bak appane står erfaring med Microsoft Dynamics 365, Microsoft Fabric, skyløysingar og AI, og like mykje tid på klatreveggen, på topptur med snowboard og på terrengsykkel. Appane er laga for slik idrett faktisk går føre seg: på ein telefon, med kalde fingrar, midt i ein konkurranse.
- Stad
- Bergen
- Starta
- 2025
- Org.nr.
- 937 384 092
Kontakt
Vil du bruke ein av appane på arrangementet ditt, sponse, eller berre spørje om noko? Send ei melding, eller skriv til tindebyte@gmail.com.